Marine Harvest vil ha nytt smoltanlegg

1123

Marine Harvest Norway AS søkjer om etablering av nytt Fjæra setjefiskanlegg med ei ramme på 7,5 millionar setjefisk på lokalitet Fjæra i Etne kommune.  

Marine Harvest Norway AS søkjer om etablering av nytt Fjæra setjefiskanlegg med ei ramme på 7,5 millionar setjefisk etter akvakulturlova på lokaliteten Fjæra i Etne kommune. Det skriv Etne kommune på si heimeside.

Produksjonen vil føregå med bruk av ferskvatn og sjøvatn i eit nytt og moderne resirkuleringsanlegg med høg vekt på rømmingssikring og reinsing av alt utslepp. Som grunnlag for søknaden føreligg det allereie ein godkjent reguleringsplan for plasseringa av anlegget og NVE konsesjon for uttak av vatn til anlegget.