– Makrell viktig årsak til laksesvikt

856

– Det sviktande laksefisket har samanheng med tøff konkurranse om maten i Norskehavet, seier havforskar Jens Christian Holst til Sunnmørsposten.

Dei siste åra har det vore ei dramatisk utvikling i Norskehavet. Ein rekordstor sildebestand er på vikande front, medan makrellen breier seg stadig lenger nord og aust.

– Planktonet i Norskehavet er no eit utpint system, og det skuldast overbeiting i mine auge, seier Holst til Sunnmørsposten.

Smålaksen konkurrerer med sild, makrell og kolmule om maten – som i stor grad er dyreplankton. Men planktonmengdene er reduserte med 80 prosent på ti år. Han har studert svingingane tilbake til 1740 i data frå skotsk laksefiske.

– No går svingingane mykje fortare fordi vi stort sett har fjerna dei som et dei pelagiske fiskane, slik som kval, og i tillegg fiskar vi for lite. Havet svingar for fort på grunn av oss menneske, seier Holst.

Også i fjordane er det mykje makrell. Dermed får sjøauren tøff konkurranse.

– Makrellen beitar ned brislingen, og sjøauren finn ikkje mat, seier Holst.