Lønsemd og variert eigarstruktur

449

Ideen om horisontal og vertikal integrasjon av ei verdikjede, tek utgangspunkt i at konkurranse ikkje har noko å seie for kostnadane eller innovasjonen i ein produksjon, skriv Øyvind Kråkås i Salmon Group.

Regelen om maksimalt 25 % eigarskap av den nasjonale lakse-MTBen er oppløyst for å gagne den frie konkurransen. Kanskje er dette ei riktig avgjerd, all den tid det framleis er fritt fram om ein vil selje sine rettar, eller bli i denne næringa, som over tid har gjeve god avkastning til dei eigarane som har hatt god drift i sin selskap. Eller for å seie det på ein annan måte; om du er god på lakseoppdrett, hald deg til det. Få bransjar leverar betre marginar.

Samstundes må det seiast, at om konkurranseomsyn er viktige, er det sentralt at ein klarar å oppretthalde eit visst mangfald av aktørar. Terskelen for nyetablering i lakseoppdrett er allereie so høg at få kan vurdere det. Dermed må ein prøve å stimulere til ei viss overleving mellom dei som er på bana, ellers vil ein om få år ha delt marknaden mellom nokre få aktørar, eit såkalla oligopol.

For mange politikarar verkar det ikkje som om oligopolet er noko dei fryktar, og dette er kanskje ikkje overraskande, sidan statsmonopolet framleis står rimeleg sterkt i Noreg. Den frie konkurransen er eit press ein gjev etter for, ikkje eit mål ein strekke seg etter. Dette meiner eg er synd, fordi eit mangfald av aktørar vil gje fleire å måle seg mot. Dermed vil ein få sterkare innovasjon, styrka fokus på produktivitet og styrka kostnadskontroll. Om ein trur på dette, vil det ideelle vere ein viss konkurranse i alle ledd av verdikjeda. Det er det motsette av vertikal integrasjon.

Vertikal integrasjon handlar om at vara di er kjøpt/seld på førehand. Eigaren av ei integrert verdikjede kan velje kva ledd han teke ut ein eventuell profitt. Mangelen på profittmaksimering opp mot eit enkelt ledd, kan gje eit billegare produkt frå eit ledd til det neste. For eksempel kan eit oppdrettsselskap som eige eit fôrselskap velje å ta ut minimal margin på fôret og la denne gå til oppdrettsdelen. Men ideen baserar seg i stor grad på at produksjonsprisen på fôret blir lik, sjølv om produsenten er friteken frå konkurranse. Og likeins at produktet blir like godt som det ville vore i ein konkurranseutsett marknad. Eg trur ikkje på nokon av desse premissane. Om du lagar eit produkt som du har sal på uansett, lagar du eit middels produkt til ein middels pris. I beste fall.

Ideen om horisontal integrasjon, handlar om å erverve kapasitet i eitt og same ledd av verdikjeda. Denne baserar seg på sokalla stordriftseffektar, eller fallande grensekostnad. Dette kan du få fordi du har faste kostander som du kan fordele på fleire produserte kilo, du kan samle ein del oppgåver på færre hender og du kan auke di forhandlingsmakt gjennom å disponere eit større volum. Dette har ikkje slått heilt til for oppdrettssektoren. Mange mindre selskap har langt betre marginar enn dei større. Dette har mellom anna samanheng med at du framleis må spreie produksjonen på eit utval av lokalitetar. Og talet på driftseiningar drive kostnadane.

Men eg meiner og at det har med dedikasjonen til produktet å gjere. I eit mindre selskap er oftast eigarane sjølv delaktige i alle ledd, med falkeblikk på biologi og økonomi. Talet på egg i korga er og færre, du har ikkje råd til mykje knusing. Vegen mellom merd og leiing er stutt, raske avgjerder kan redde mange situasjonar. På den andre sida vil ein og lettare kunne gjere langsiktige investeringar, ingen forlangar utbyte ved neste kvartalsskifte.

Du har truleg forstått det allereie; eg trur på lokalt eigarskap, og eg trur på eit mangfald av produsentar. Helst i alle ledd. I fleire av ledda i verdikjeda rundt oppdrett, er der allereie i minste laget med tilbydarar. I oppdrettsleddet og i eksportleddet er der framleis ein nokon lunde tilfredstillande miks av aktørar, sjølv om nokre har i meste laget av marknadsmakt. Men hugs og at marknadsmakt lett kan bli ei sovepute. Konkurranse skjerpar prestasjonane. Usain Bolt hadde aldri sprunge so fort om han var den einaste sprintaren i verda…