Laks på rømmen etter møte med ferje

439

Samanstøyten mellom «MF Eid» og oppdrettsanlegget skjedde onsdag ettermiddag. Nota fekk eit hol på kring 4×4 meter i samanstøyten. Det var 79.000 laks i merden, melder NRK.

Ferja trafikkerer sambandet Fure – Askvoll.

– Vi veit at verksemda har fanga laks så langt, så det er på det reine at fisk har rømt. Kor mykje er uvisst, men vi håpar å få det klarlagt innan utgangen av månaden, seier seksjonssjef Paul Jacob Helgesen. Fiskeridirektoratet har i dag vore på staden og gjort undersøkingar. Jacobsen seier at nota skal undersøkjast på ein notverkstad. Ifølgje Jacobsen vart nota teken raskt opp av sjøen etter at samanstøyten vart kjend for selskapet.

Det skal heller ikkje ha teke lang tid etter dette at garn var i sjøen og gjenfangsten i gang.

– Vi er i dialog med fylkesmannen om å utvide området for å drive gjenfangst utover dei 500 meterane frå merden som det skal drivast gjenfangst i, seier seksjonssjefen.

Jacobsen var fredag ettermiddag ikkje kjend med kor lang tid det tok frå samanstøyten til nota vart teken opp.

Hendinga er rapportert til Sjøfartsdirektoratet.

– Vi har dokumentert at det ikkje har vore andre arbeidsoperasjonar frå selskapet si side, eller andre ting som kan setjast i samband med det som har skjedd, seier han.

Kommunikasjonsdirektør i Fjord1, Ingrid Færøyvik, seier dei førebels ikkje veit meir enn at berøringa har funne stad.

Ferjeselskapet ventar no på ein rapport frå Fiskeridirektoratet med omsyn til omfanget av rømminga.