Kveiteteppe for bedre fiskehelse

377

Sogn Aqua legg tepper i sitt landbaserte kveiteanlegg ved Sognefjorden.

Sogn Aqua har alltid hatt fiskevelferd i fokus og med denne satsinga med tepper i bunn tar vi sikte på å bli like gode med dyra som bøndene. Ordningen er godt kjent i landbruket kor kuene må ligge på madrasser i fjøsen. Kveita ligg i ro 90 prosent av tida. Skulle berre mangle at den ikkje får like gode vilkår, skriv selskapet i ei pressemelding.

Bakgrunn er at Sogn Aqua har arbeidd med fleire designløsninger for å lage anlegg som er rimelige å bygge og som passar inn i landskapet. Fiskevelferd har heile tida vore fulgt opp, men vi har hatt ein mistanke om at betonggulv er noko hardt. Kveita har til tider svømt unødvendig mykje. Også dette med at kveite har lagt seg oppå kverandre for å sleppe den hard bunnen har vore ein utfordring. Tidligere testar hos Sogn Aqua har vist at kveite som har mjuk botn ligg i ro i lengre periodar enn kveite som ligg på stein/betongbunn.

No legg selskapet først ein fiberduk på ca 0,8 cm på betong og deretter ein plastduk oppå. Kveita vil oppleve underlaget som mjukt og godt. Foreløpig er det kun 400 m2 som bygges på denne måten, men om kveita får det bedre må vi bygge om igjen heile anlegget. Litt trist når dette er siste bassenget vi skal bygge på Slantevika-lokaliteten.

Utbygginga er betydelig meir kostbar, men selskapet meiner dei skal få igjen dette i auka tilvekst og bedre priar for glad kveite. Snurr på halen, slik som ein glad gris, har vi ikkje sett, men røktarane merkar godt at oksygenforbruket går ned i kara med tepper. Dette tyder heilt klart at kveitene trives.