Faggruppa for tildeling av grøne løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure vil ha vurdering og vedtak i gruppe A (Troms og Finnmark) klare for utsending til påske.
Informasjon om utfallet av søknadene i gruppa vert publisert etter at vedtak om tildeling eller avslag er sendt søkjarane, skriver Fiskeridirektoratet på sine hjemmesider.
Gruppe A
Faggruppa for tildeling av grøne løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure vil ha vurdering og vedtak i gruppe A (Troms og Finnmark) klar for utsending til påske. Informasjon om utfallet av søknadene i gruppa vert publisert etter at vedtak om tildeling eller avslag er sendt søkjarane. Det kan tildelast 10 løyve i Troms, og 10 i Finnmark. Fem av desse i kvart fylke er reservert mindre aktørar. Det ligg føre 37 søknader til handsaming for Troms, og 22 søknader for Finnmark i denne gruppa.
Gruppe B
I gruppe B er det motteke ei klage på vedtak om avslag på prekvalifisering. Klaga er handsama av Faggruppa, og saka er oversendt Nærings- og fiskeridepartementet for klagehandsaming. Boda i gruppe B vil ikkje bli opna før klaga er ferdig handsama i forvaltninga.
Omgjering av eige tiltak
På bakgrunn av innhaldet i departementet sine tidlegare vedtak om oppheving av Faggruppas vedtak om avvisning i tildelingsrunden, har Faggruppa gjort ei ny vurdering av dei tre avvisningsvedtaka som ikkje vart påklaga av søkjarar. Etter denne vurderinga har Faggruppa av eige tiltak omgjort og oppheva også desse tre avvisningsvedtaka. Søknadene, som alle er i gruppe C, er etter dette med i vurderinga vidare for denne gruppa.