Klager løyve inn til fylkeskommunen

547

Torvund og Aven grendalag kjem til å sende inn klage på at Sogn og Fjordane fylkeskommune har tildelt Osland Havbruk eit løyve for etablering av eit oppdrettsanlegg i Torvundvika.

 Vi har varsla fylkeskommunen om at vi kjem med ein klage, og den vil bli sendt inn etter eit møte i grendalaget 9. november, seier leiar i Torvund og Aven grendalag, Morten Torvund, til Ytre Sogn.

Torvund seier at grendalaget kjenner seg overkøyrde i saka.

 Fylkeskommunen har ikkje teke omsyn til dei motførestillingane vi kom med i høyringsprosessen, og det stiller vi oss undrande til, seier Torvund og viser til at Torvund og Aven grendalag i 2010 mellom anna peika på at eit matfiskanlegg i Torvundvika vil sperre for fritidsfiske, både ytre og indre Torvund vil bli bandlagt, og at eigedomane i området vil tape seg i verdi som følgje av anlegget.

Torvund er også oppteken av at Høyanger kommune i si fråsegn til søknaden seier at det er høg konfliktgrad ved etablering av eit oppdrettsanlegg på denne lokaliteten.

 Vi stiller oss undrande til at fylkeskommunen ikkje tek omsyn til dette, seier Torvund og viser til at Høyanger kommune vedtok ein ny temaplan for akvakultur i juni 2011.

I planen blir Torvundbukta omtala som eit område eigna for eit merdanlegg på 36.000 kubikkmeter eller meir, med maksimal tillaten biomasse på 2.340 tonn eller meir per år. Samstundes karakteriserer kommunen lokaliteten som svært konfliktfylt, grunngjeve med både fast busetnad, auka reiselivssatsing og at området er mykje nytta til fiske og friluftsliv.