Kan ta tunfisk for sju millionar

986

Som eineste båt kan MS «Hillersøy» frå Bulandet fiske makrellstørje i norske farvatn. Ein fisk kan være verdt 60.000 kroner, skriver Sysla.no.

 – Lukkast det kan vi iallfall feira jul, seier den heldige fiskaren Tore Hillersøy, som er dagleg leiar i Brødrene Hillersøy på Bulandet i Sunnfjord. Sidan 1998 har det vore forbod mot å fiska den eksklusive tunfiskarten i Noreg. No får altså ein båt driva forsøksfiske, og rederiet Hillersøy kapra det eksklusive løyvet. I Japan har er enkeltfiskar selde for ti millionar kroner. Det trur ikkje Hillersøy vert tilfelle for deira del.

– Men vi skal sikra høg kvalitet. For å oppnå ein god pris kan fisken ikkje ha slagmerker etter handteringa. Den tåler heller å ikkje å dragast på dekk. Størja må behandlast som eit spedbarn, seier Tore Hillersøy.

Makrellstørja kan verte over tre meter lang. Den største som er fanga vegde 684 kilo. Hillersøy ventar at fisken dei får har ei vekt på 150-250 kilo. Det er japanarane som betalar mest. Prisen på importert fisk har dei siste tre månadene vore på 240 kroner kiloen, ifølgje Kystmagasinet.no. Det betyr 60.000 kroner for ein 250 kilos rugg. Kvoten dei har fått tildelt er knappe 31 tonn. Med same pris vert det  sju millionar kroner om MS «Hillersøy» får full pott.

Hillersøy  har vore med på størjeeventyret tidlegere.

– Eg hadde nesten mista trua på at vi skulle få sjansen på nytt. Det er eit utruleg spennande fiske, og en spesiell fisk. Det vert artig å forsøka.