K. Strømmen Lakseoppdrett går inn i Salmon Group

678

Oppdrettsnettverket Salmon Group har fått ei ny medlemsbedrift.

– Det er med glede vi melder at verksemda K. Strømmen Lakseoppdrett AS går inn i nettverket, skriv Nils Inge Hitland, leiar for Salmon Group, i ei pressemelding.

K. Strømmen Lakseoppdrett AS vart grunnlagt av oppdrettspionéren Kristen Strømmen i 1972, og held til i Rugsund i Bremanger kommune. Verksemda har fire konsesjonar for produksjon av laks og aure. Strømmen-familien er framleis eigarar og aktive i drifta, med Sven-Jørgen Strømmen som dagleg leiar.

– K. Strømmen er eit av dei siste lokaleigde selskap i Sogn og Fjordane som ikkje har vore med i Salmon Group, og vi er veldig nøgde med å få dei med på laget. Dei passar perfekt inn i målgruppa vår, og styrkar vårt fotfeste politisk, seier dagleg leiar i nettverket, Nils Inge Hitland.

Salmon Group organiserer no fôravtalar, forsikringar og ei rekke andre stordriftsfordelar for 45 selskap med totalt 104 konsesjonar for matfisk og ein produksjon på om lag 46,7 millionar smolt. Med dette er nettverket landets tredje største havbruksaktør, og ein nyttar denne tyngda til å sikre konkurranseevna til dei lokaleigde selskapa.