– I ein vill vest-fase

514

«Oppdrettsnæringen påfører samfunnet store tap i form av forurensing av fjorder og kystområder. På tross av dette tillater myndighetene stadig vekst i næringen. De Grønne mener næringen kun kan bli et bærekraftig tilskudd til norsk næringsliv gjennom en vesentlig reduksjon i omfanget», heter det i arbeidsprogrammet til Miljøpartiet De Grønne.

– Oppdrettsnæringa har ein del kaksar som gjer som dei vil. Næringa er i seg sjølv i ein slags «vill vest-fase» enno, om ein samanliknar med landbasert industri. Den slit også med elendig dyrevelferd, giftproblematikk og utslepp av kloakk og gift rett i sjøen. Det gjer til at vi meiner at næringa treng ei mykje strengare regulering enn i dag.

Det seier fylkesleiar og førstekandidat til Stortinget, Tor Øyvind Westbye i Miljøpartiet De Grønne til Firdaposten. MDG opplever i desse dagar sterk framgang i nasjonale målingar føre stortingsvalet 9. september.

Problem med rømming, lakselus og organiske utslepp skal løysast ved at næringa går over til lukka anlegg og avfallsgjenvinning.

– Vi krev ikkje landbaserte anlegg, men lukka anlegg som hindrar utslepp og rømming meir effektivt enn i dag, seier Westbye.

Miljøpartiet strekar også under at store deler matfisk i dag blir henta frå fjerne kystområde for å målast til fiskefôr. Partiet meiner bruken av menneskemat til fiskefor bør minimerast.