Bildet av norsk laks produsert i rein natur kan gå tapt ved gruvedeponi i Førdefjorden, meiner Øyvind Kråkås i Salmon Group.
Kråkås understrekar at oppdrettarane i Salmon Group ikkje er i mot gruvedrifta, men er svært skeptiske til at steinmassar, støv og kjemikaliar skal kunne dumpast i fjorden, melder Firdaposten.
– Omdømmetapet til dei verksemdene som har sitt heimeområde her kan bli dramatisk, seier Øyvind Kråkås.
Oppdrettselskapa Flokenes Fiskefarm, Svanøy Havbruk, Marø Havbruk og Steinvik Fiskefarm har alle anlegg ved Førdefjorden.