Gjentar suksessen fra 1958

435

14. juni skjer det igjen på Skei i Jølster. Du kan delta i ein fiskekonkurranse, og er du heldig og litt dyktig kan du vere den som vinn hovudpremien, som er ein bil.

Sist det skjedde var i 1958. Framsynte og tiltakslystne jølstringar slo på stortromma. Fleire år før rasjoneringa av bilsalget vart oppheva hadde dei klart å skaffe ein bil i premie til sin fiskekonkurranse.
«I tillegg til 1000 fiskarar var her fleire tusen tilskodarar, 5-6000 alt i alt, trur ein, så verken før eller seinare har så mykje folk vore samla i Jølster. Folk gjekk som sild i tønne i sentrum på Skei denne dagen».
Slik skriv Jarle Helgheim om den spektakulære fiskekonkurransen i Jølster i 1958, der hovudpremien var ein bil. Premien var ein IFA P-70.

Jølstravatnet er Nord Europas rikaste aurevatn. I 2013 vart det fiska opp 18 tonn med Jølstraaure. Mange turistar, både norske og utanlandske, kjem til Jølster for å prøve fiskelukka. Men det er også eit stort næringsfiske i vatnet. Noko av fisken vert foredla til rakaure og seldt i gourmetbutikkar i Norge.

Og her finns stor aure. Den største vi veit om som er fiska på stang vart teken av Sverre Amundsen i påska 1996. 12,1 kilo vog den. Ein truleg ganske storøygd  Anders Ripe fekk ein sværing på 15.5 kilo på garn 10.oktober 1973. Normal storleik på ein aure vil vere frå 200 til 400 gram.

Konkurransen i juni i år vil vere ganske lik den i 1958. Kun 1000 personar får delta, og prisen for å delta er 1.000 kroner. Kvar fiskar får bruke ei stong med valfritt agn. Men berre EITT agn i slengen. Fiske vil ha utgangspunkt i området rundt Skei, og det vil bli laga ei sone på ca fem meter til kvar fiskar. Kva sone ein får, vert trekt, og ein prøver å lage så like tilhøve som råd er. Litt flaks og uflaks vil det vere, og som Arne Scheie truleg ville ha sagt: ” Dette er trass alt ein utandørsidrett”. Arrangøren vil også samle saman eit antal båtar, og dei som ynskjer det får fiske frå båt så langt ein har båtar.

Seinare på kvelden, på storfesten på Skei Hotell, står den glitrande og storslagne førstepremien, ein Volvo XC70, utstilt i all sin prakt, og den heldige vinnaren offentleggjort. Bilen har ein verdi på 620.000.-
Skei Hotell er staden å vere den kvelden, både for dei som deltak i konkurransen og alle andre. Mat og drikke vert det til alle og folkekjære artistar som Olav Stedje og Gisle Børge Styve Trio er sikre vinnarar også i Sogn og Fjordane. Når dei har sett folk i stemning er det tida for den store ”fiskedansen” med det velkjende bandet Return.

Forsidefoto: Fotograf Reiakvam, Førde