Fiskeridirektoratet meiner miljøvernstyresmaktane bør fremje krav om snarleg reduksjon av indistriutslippa i Sørfjorden i Hordaland.
Fiskeridirektoratet har nyleg avgitt ein høyringsuttale til Miljødirektoratet i samband med søknad frå selskapet Tizir Titanium & Iron i Tyssedal (TTI) om forlenging av mellombels utsleppsløyve for blant anna utslepp av sink og bly til sjø, og i tillegg høgare utslepp av kadmium til sjø.
– Utslepp av tungmetaller frå TTI har store negative konsekvensar for miljøtilstanden i Sørfjorden, skriv Fiskeridirektoratet mellom anna i sitt høyringssvar.
Dei meiner Miljødirektoratet derfor bør setje krav om snarleg reduksjon av utslippa.
Dersom slike tiltak ikkje lar seg gjennomføre innan to år, frårår Fiskeridirektoratet at det vert gitt utvida utslippsløyve.