Den nye eigaren av oppdrettsanlegget ved Haggardsneset utanfor Alme, Salmar Organic AS, har søkt om å få endra løyvet frå torsk til laks.
Søknaden er tidfesta 11. juli i år. Selskapet har frå før hand om konsesjonar som dei ønskjer å knyte til lokaliteten ved Alme. Det er snakk om 3120 tonn biomasse, skriv Vikebladet.
Fylkeskommunen har funne søknaden å vere i orden og ber no Hareid kommune snarast, og i samråd med søkjar, legge søknaden ut til offentleg ettersyn i fire veker.