YoungFish’ første samling blir den 26. februar på Bar Kollektivet i Bergen.
-Vi har leigd underetasjen, der vi skal halde ei shuffleboardturnering. Dette for å ha ein aktivitet som lokkar og skapar god stemning. Vi tenkjer å halde ein innledningsappell kvar vi informera dei som kjem om kva vi tenkjer med YoungFish, før nokre instruktørar delar inn i lag og fortel litt om korleis spelet shuffleboard fungerar, seier Erlend Vassbotten.
Han har saman med Jonas Langeteig teke opptakta til nettverket, skriver Salmon Group.
Mange av møteplassane i næringa har vore prega av høg snittalder og lite ungdommeleg fokus, men YoungFish vil sikte seg inn mot dei under 35 som arbeider eller ynskjer ein jobb i næringa. Etter at ideen var lansert gjennom media, har fleire aktørar kome til ungdomane med tilbod og forslag om aktivitetar.
– Eg og Jonas er svært optimistiske på vegne av framtida til YoungFish. Her kan vi få til gode ting med fokus på ein balansegang med faglege treff, kjekke sosiale samlingar og nettverksbygging. Alle dei positive tilbakemeldingane gir oss driv og entusiasme, seier Vassbotten.
Samlinga den 26. er open for dei i målgruppa som møter opp. Salmon Group vil bidra både økonomisk og praktisk til at YoungFish får eit godt fotfeste i næringa.