Då fiskehelsetenesta til Firda Sjøfarmer oppdaga ILA-virus i sitt oppdrettsanlegg, beslutta bedriften sjølv å slakte ut fisken umiddelbart.
– Det er åtte år sidan det sist var ILA-smitte i Sogn og Fjordane og Hordaland, så vi er veldig usikre på kor dette kjem frå. Førebels kan vi ikkje seie at det er nokon som kan klandrast for noko som helst, seier Åse E. Bech som er seksjonssjef i Mattilsynet til NRK.no.
Etter funn av den alvorlege og smittsame virussjukdomen valde Firda Sjøfarmer i Gulen denne veka å slakte ned 180.000 laks.
Infeksiøs lakseanemi blir forårsaka av eit virus som truleg er av same familie som influensavirus, og spreier seg raskt. Det er åtte år sidan sist gong det vart påvist slik smitte sør for Stad.
Åse E. Bech som er seksjonsleiar i Mattilsynet seier det er alvorleg når det blir oppdaga slik smitte på laks.
– Viruset liknar på eit influensavirus, og den spreier seg som ein ulmebrann. Den spreier seg mellom fiskane og merdane og utover, seier ho til NRK.no.
– Dette er veldig alvorleg. Det gir store økonomiske tap for den det gjeld, dyrevelferdsproblem for fisken og det for laksenæringa fører det til avgrensingar i forhold til eksport, seier Bech.
Det var fiskehelsetenesta ved Firda Sjøfarmer sitt anlegg som fatta mistanke om smitte. Unormalt mange døde fisk og symptom på fisken gjorde at dei slo alarm.
– Dei første symptoma er at fisken oppfører seg unormalt i merdane. Den sym roleg og sakte, og viser symptom på at dei ikkje har det bra. Seinare utviklar det seg til anemi, altså at fisken mister blod til indre organ, seier ho.
Mattilsynet konstaterte ILA-smitte og oppdrettaren valde då å slakte ned all fisken ved anlegget. Det vil seie vel 180.000 laks med ei snittvekt på ca 250 gram. Laksen vart set ut i anlegget for knappe to månader sidan, i august 2013.
Bech seier Mattilsynet ikkje påla oppdrettaren å slakte ned all fisken, men at dei meiner det var ei god avgjerd.
– Det var veldig positivt for både oppdrettaren, i forhold til eventuell spreiing og for næringa generelt, seier ho.
Mattilsynet kan førebels ikkje seie noko om kva som har ført til smitta. Bech seier det finst fleire moglege smittekjelder.
– Sjøen i seg sjølv kan vere smittekjelde. Det kan vere svak fisk som blir handtert i brønnbåt, opphavet til fisken – setjefiskanlegget, eller det kan vere andre aktørar som ferdast på sjøen, seier ho.
Det er no sett i gang ei undersøking for å finne ut kva som er årsaka.
– Det er veldig viktig at vi finn årsaka til dette for å sikre oss at det ikkje oppstår fleire tilfelle.
Ola Braanaas eig Firda Sjøfarmer AS. Han seier dei handla umiddelbart når dei fekk mistanke og seinare konstatert sjukdommen ved anlegget i Vatnøy i Gulen.
– Dette er veldig trist. Men 180.000 fisk er ikkje så veldig mykje for oss, vi set ut fem millionar fisk i året, så dette er ein liten del av det.
– Men det å få påvist ILA er ei alvorleg sak, og vi har difor teke umiddelbar affære for å ta det vonde ved rota, seier han.
Sjølv om Mattilsynet altså ikkje påla bedrifta å kvitte seg med all fisken med det same destruerte dei all fisken.
– Vi driv med oppdrett i Gulen og lever av at fisken er frisk. Når det utgjer ein så liten del av bestanden vår er det viktig for oss å få sanert lokaliteten slik at den ikkje utgjer ein eventuell smittefare for våre andre anlegg, eller andre som driv med oppdrett i same område, seier han.
Heller ikkje Firda Sjøfarmer veit noko om årsaka til smitten. Braanaas seier det er viktig for dei å finne den, slik at dei kan unngå liknande situasjonar i framtida.
Oppdrettaren har førebels ikkje rekna på det økonomiske tapet, men det kan dreie seg om eit tosifra tal millionar kroner.
– Det viktigaste for oss er å ta dette med det same, slik smitte er ikkje noko vi vil ha i området, seier Braanaas.