Sju oppdrettselskap har løyvd 500.000 kroner til bygging av laksetrapp i Seimsfossen i Guddalselva.
Denne veka fekk Guddalsdalen elveigarlag ei gladmelding frå havbruksselskapa i kommunen. Alsaker Fjordbruk AS, Bremnes Seashore AS, Eide Fjordbruk AS, Lingalaks AS, Marine Harvest ASA, Sjøtroll Havbruk AS og Tombre Fiskeanlegg AS har samla løyvd 500.000 kroner til bygging av ny laksetrapp i Seimsfossen i Guddalselva.
– Det er heilt utruleg, seier leiar i laget, Ørjan Solheim. – Eg trur dette må vera det største direkte beløp næringslivet i kommunen har gjeve på fleire år til eit lokalt tiltak. Vi er svært takksame for tilskotet som no vil gjera oss i stand til å koma i gang med eit svært viktig og etterlengta tiltak i Guddalselva.
Elveigarlaget har prosjektert ei ny laksetrapp i Seimsfossen som skal erstatta den gamle frå 1940 som dels har vore avvisande på laksen. Den nye trappa vil også verta knytt tettare til Havforskingsinstituttet sin feltstasjon i elva, noko som vi vonar skal letta arbeidet med registrering av oppvandrande fisk. Etter planen skal den nye trappa stå ferdig i 2015.
Tilskotet frå havbruksnæringa syner at denne næringa bryr seg om lokale tiltak som kan vera til hjelp for villaksen og sjøauren. Samstundes syner kontakten me har hatt med havbruksselskapa at dei har respekt for måten me forvaltar elven vår på. Guddalsdalen elveigarlag og bidragsytarane vil no etablera ei årleg samling der dei lokale elveigarlaga kan møta oppdrettsnæringa for å drøfta felles utfordringane og løysingar elveigararane og næringa har i elv og fjord. Elveigarlaget ser fram til ein tett og god dialog med næringa. Bygginga av fisketrappa tek til så dei siste bitane er på plass, skriv Guddalsdalen elveigarlag i ei pressemelding.