– Eit utenkjeleg overgrep

474

Hareid historielag har samla gått inn for å protestere på dispensasjonssøknaden frå Salmar Organic om oppstart av lakseoppdrett i Brandal på Sunnmøre.

I merknaden frå historielaget til Hareid kommune slår ein fast at planane om lakseoppdrett vil gå sterkt ut over interessene til grunneigarar, folk som nyttar området til fiske, samt den allmenne bruken av eit stort område i Brandal, skriv Vikebladet.

– Planane vil truge gamle rettar som har solid historisk forankring, til dømes lakserettane. Dette er planar som Hareid historielag av fleire grunnar vil gå sterkt i mot, heiter det i merknaden.

Tysdag møtte Vikebladet Vestposten Finn Sindre Eliassen og Einar Holm frå historielaget i Brandal.

Holm forklarer at dei på ingen måte er negative til industri eller oppdrett, men at plasseringa og storleiken på det aktuelle anlegget i Brandal er eit problem. I tillegg til at sjølve oppdrettsanlegget vil vere større enn tidlegare, så vil forankringa for anlegget nå om lag frå Kvitneset og inn til moloen i Brandal.

– Eg fekk meg ein vekkar og trur også mange andre gjorde det når ein såg omfanget på kartet i avisa, fortel Finn Sindre Eliassen.

Holm og Eliassen fortel at både lag, foreiningar og enkeltpersonar har byrja å arbeide for å vise motstand mot anlegget, som dei trur vil ha negativ påverknad for dei som bur eller nyttar området, og i tillegg vil kunne hindre vidare utvikling i bygda.

– Det var ei tabbe å gje løyve til det anlegget som har vore her, meiner Holm som fryktar for framtida for eit av dei mest brukte naturområda i Hareid kommune.

– Det er få stader ein vil gripe så mykje inn i naturen for å gje rom for eit oppdrettsanlegg. Om heile dette området går med, så vil det vere svært små tilgjengelege område med urørt strandsone att i kommunen, seier Holm.

Historielaget fryktar også for at gode fiskeområde skal gå tapt.

– Om planane vert gjennomførte står den to kilometer lange strekninga frå Brandal sentrum til Kvitneset i fare for å verte sperra for alt fiske. Dette er eit av dei beste fiskeområda vi har her ved kysten vår. Det må seiast eit klart nei til ei kvar utviding av eit oppdrettsanlegg som endå til ligg i sentrum av Brandal, slår dei fast i merknaden til Hareid kommune.

SalMar Organic har ikkje gitt kommentar til saka i Vikebladet.