Etter 20 år som sjef i florøbedriften Slakteriet AS, går Ole Johan Eilertsen av.
Eilertsen vil trekkje seg attende som administrerande direktør i Slakteriet, så snart dei har fått ein ny på plass, skriv Firdaposten.
Han kjem likevel ikkje til å forlate arbeidsplassen han har hatt dei siste 20 åra med det aller første. Han er framleis den største eigaren i selskapet.
– Eg har ingen planar om å vere ein slags sjuande far i huset. Eg kjem til å ha ei lita stilling, men det er alt, smiler Eilertsen.
Han ønskjer å trappe ned for å finne meir tid – tid til det som er viktig for han. Og det manglar ikkje på aktivitetar å fylle fritida med.
– Då eg var liten, drøymde eg å bli stuert. Og eg starta mi karriere i byssa, så dette med matlaging har ligge naturleg for meg, seier han til Firdaposten.
Han har til og med mura opp ein vedfyrt steinomn i hagen med plass til 15 til 16 brød i slengen, til stor glede for familie og vener og nære naboar.
– Kvifor eg fekk interessa for brødbaking veit eg ikkje, men det kjennest veldig godt å skape noko ein kan sjå resultatet av, seier Eilertsen og peikar vidare på hans andre store interesse: Måling.
– Eg er ikkje noko Nerdrum, og kjem aldri til å bli det – men eg hadde ein gong atelier over Byakvariet saman med mellom anna Bjarne Svanøe. Eg håper å finne eit nytt atelier og ta opp målinga att.