Eit par veker føre stortingsvalet er det vanskeleg å skaffe seg ei tydeleg oppfatting av korleis den neste perioden vil kunne slå ut for havbruksnæringa med dei ulike alternative regjeringssamarbeida, skriv Salmon Group på si heimeside.
Politiske program er ofte prega av store vyer og få konkrete tiltak. Heller ikkje debatten mellom dei tre største partia under Aqua Nor sist onsdag gjorde sakene so mykje klårare for dei som er opptekne av kva havbrukspolitikk vi kan vente oss dei neste fire åra. Nokre av programerklæringane er svært konkrete, men kandidatane er usikre på korleis dei skal gjennomførast.
Løftet om å kvitte seg med konsesjonsordninga er kanskje det mest omgripande av alt som står programfesta. Men korkje Høgre eller FrP kan seie so mykje om korleis dette skal ta form. Rett nok snakkar ein om ei ordning der den enkelte lokaliteten si bæreevne skal ligge til grunn som produksjonsgrense, men ein har ikkje tydelege tankar om korleis konsesjonen som verdipair skal erstattast. Bankane er sikkert like spente som næringa på korleis dette blir.
Høgre har programfesta at ein vil innføre soner for produksjonen, o0g satse på såkalla «regionale kapasitetar». Men er det Gullestad sine omstridde produksjonsområde ein her ynskjer seg? Eller er det soner som regulerer flytting av fisk? Og kva kapasitetar er det som skal vere regionale? Snakkar ein om slaktekapasitet, eller skal alle selskap drive spreidd i ein heil region? Kva då med dei som er baserte i ein eller to kommunar i dag? Og ikkje minst; kva problem er det dette skal løyse? Kva moglegheiter skal det opne?
Det ein er mest spent på akkurat no, er nok likevel dei «grøne» konsesjonane. Er dette raudgrøne løyver som blir gjort blå ved eit eventuelt regjeringsskifte? Og i so fall; kva med alle dei som ynskjer vekst, men som ikkje er klar med ei «grøn» løysing? Generelt var desse nye konsesjonane ein gjengangar blant samtaleemna på messa. Mange har ein ide dei ynskjer å få utteljing på, men få veit heilt kva tildelingsforskrifta eigentleg vektlegge. Og spesielt uavklart er forholdet mellom praktisk løysing og økonomisk betalingsvilje/evne. Vil bodet avgjere dersom ein har ein akseptabel ide? Eller vil der vere ei rangering også mellom ideane? Og kva skal då vere rangeringsmodellen?!
Det gjennomgåande biletet i partiprogram, debattar og utspørjingar er dette: Politikarane har stor lyst til å vise handlekraft, og til dels på detaljnivå. Men dei veit lite om praktisk produksjon og marknad, og blir fort ulne når dei blir pressa på detaljane i tiltaka dei føreslår. Dette kan indikere at ein vil få sjå fleire saker der partia kastar seg ut i prosessar der fagmiljø og forvaltning får lov å sitje ved rattet. Ein sterkare presisjon i programforslaga ville vere ein tryggleik for demokratiet. Nytt høvet til å spørje ut dei politikarane de møter, for å få klårare svar om den politikken dei føreslår.