Lørdag oppsto det brann ved eit settefiskanlegg i Høyanger.
– Det har vore eit branntillaup i eit aggregatrom, men dei skal ha kontroll, seier dagleg leiar Erik Osland til NRK.no.
– Eg kjenner ikkje omfanget, men det skal ikkje vere skade eller fare for verken folk eller fisk, legg han til.
Brannalarmsentralen har sendt ut lokalt brannmannskap. I tillegg har dei varsla brannvesenet i Bergen i tilfelle brannen skulle utvikle seg.
– No er dei seks mann som jobbar på anlegget som prøver å dempe brannen med bøtter med vatn. Dei meiner å ha kontroll, og seier at det ikkje er fare for spreiing, seier vaktleiar Espen Rysjedal ved brannalarmsentralen.
Klokka 1415 fortalte Steinar Holen i brannvesenet at brannen er sløkt, men at dei no driv med ettersløkking. Det var ei tid fare for at brannen skulle spreie seg til eit tavlerom.
– Det er eit aggregathus som har tatt fyr, og det fatna i taket. Men vi har fått berga tavlerommet her, seier han.
– Brannen er grovsløkt, så no driv vi demontering av bjelkar og slikt så ikkje flammane tek seg opp att, seier han og legg til at flammane var så godt som sløkte då dei kom til staden.
– Det verste no er at det ikkje er straum på fiskeanlegget, men BKK er her for å få den i gang att.