– Bort i staur og vegger

748

– Prisnivået er hinsides, faktisk heilt bort i staur og vegger, seier dagleg leiar i Nordfjord Laks, Leiv Slagstad, til Firda.

– Dei tre siste vekene har kilo-prisen lege over 45 kroner for laks mellom tre og seks kilo. Det betyr at vi alt no er sikra eit svært godt år i 2013. Sjølv trur eg resultatet blir betre enn det vi opplevde i rekordåret 2010, seier Slagstad.

Då var han dagleg leiar i Hyen Laks som disponerte éin konsesjon og fekk eit resultat på 14,8 millionar kroner før skatt. I 2011 vart Hyen laks slege saman med Nordfjord Havbruk i selskapet Nordfjord Laks, og disponerer to konsesjonar.

– Vi har som målsetjing å ta ut 2.000 tonn i 2013. Vi har teke ut mellom 40 og 50 prosent, og uansett prisutvikling resten av 2013 er året vi sikra alt no – og vel så det, seier Slagstad.

– Årsaka er ein ekstremt kald vinter som sette tilveksten tilbake med mellom fire og seks prosent. Dessutan har Chile ikkje levert like mykje som venta. Dette fører eit avgrensa volum kjem inn i marknaden, og då blir det eit prisnivå ingen hadde venta, seier Slagstad.

– Det er klart at det er veldig gode tider. Samstundes er det klart at det er litt usunt høg prising med tanke på foredlingsbedriftene som ikkje tener pengar. På sikt kan det slå tilbake i redusert auke i konsum. Men for oss ser det bra ut både i år og neste år, dette fordi det er avgrensa auke i produsert volum, og det gir vanlegvis stabilt høge prisar, seier sjefen i Nordfjord Laks.

– Superhøge prisar og tilsvarande låge prisar er ingen tent med. Men slik er det i denne næringa, og vi skal ikkje lenger tilbake enn oktober 2011 då prisane var under 20 kroner kiloen. Det viser at utviklinga er lite føreseieleg, seier Slagstad.