Ber staten kjøpe kornsilo

461

Bondelaget meiner staten må kjøpe Stavanger Havnesilo. Generalsekretær Per Skorge i Norges Bondelag seier FrP har programfesta beredskapslagring av korn.

Eigar av Stavanger Havnesilo er Cermaq, der staten eig vel 59 prosent av aksjane. Anlegget vart bygd som eit beredskapslager for korn av Statens Kornforretning. Siloane er i dagleg drift, skriv Nationen.

– Lagringskapasiteten der utgjer halvparten av landets årlege matkornforbruk. Eit nytt anlegg kostar fort frå 600 til 800 millionar kroner. Hamn og infrastruktur kjem på toppen. Samla blir det fort over milliarden av skattebetalaranes pengar, seier han.

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) har sagt at ho ikkje ser det som naturleg å stoppe salet av Stavanger Havnesilo.

Skorge seier det ikkje er eit kommersielt selskap sitt ansvar å ta vare på beredskapslageret. Derfor ber han staten kjøpe anlegget.