Avviste alle klager

338

Faggruppa for tildeling av grøne løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure har no gått gjennom alle klagesakene knytt til avvisning av søknader i gruppe B (open gruppe med lukka bodrunde). Ingen av klagene førte til omgjering frå Faggruppa.

118 søknader vart avvist då søknadsfristen for å søke grøne løyve i oppdrett gjekk ut tidlegare i haust, og 115 søkjarar klaga på vedtaket om å avvise sakene.

Denne veka blei klagarar i gruppe B orientert om utfallet av Faggruppas behandling, og klagesakene oversendt Fiskeri- og kystdepartementet for vidare handsaming.

I løpet av neste veke reknar Faggruppa med å ha sendt ut melding om utfall av Faggruppas handsaming av klagesakene knytt til gruppene A (Troms og Finnmark) og C (open gruppe).

Vurdering i samband med prekvalifisering av søknadene i gruppe B som ikkje er avviste, er venta å vere ferdig før nyttår.