Annleis denne gongen?

Meninger
583

Chilensk fiskeoppdrett er sterkt tilbake, og er oppe i ein årsproduksjon på rundt 600.000 tonn atlantisk laks, aure og coho.

Attende i 2008 rakna det for den chilenske laksenæringa. Sjukdomen ILA braut ned alt. “Takraset” blir det gjerne kalla. Alt blei sett tilbake mot null. Verdiar og arbeidsplassar var borte.

I dag ser det betre ut att. Men luseutfordringane varslar om resistensproblematikk under oppsegling. Og produksjonskostnadane har teke att dei norske.

RAS mot ras
Chilenerane har teke fatt i problema rundt smoltproduksjonen. Resirkuleringsanlegg veks opp og har erstatta drifta i innsjøane. Store investeringar som har pressa opp smoltkostnaden, men sikrar ein betre biologi.

Eit svært innfløkt reguleringsregime er sett opp for å halde produksjonen på rette sida av den biologiske tålegrensa. Men korleis det vil verke i praksis er det enno for tidleg å seie. Kanskje kunne det vere interessant for norske styresmakter å studere dette litt vidare før ein innfører eit indikatorbasert regime for vekst?

Mykje er gjort for å gjere næringa meir langsiktig. Regelverket er sterkare. Teknologien
er betre. Men det har kosta. Chile er ikkje lenger ein konkurrent som er dopa på rovdrift. Difor er heller ikkje chilensk laks ein arg utfordrar i våre eigne sikraste marknader.