– Dei driv kunnskapslaus og farleg politikk, meiner laksemilliardær Ola Braanaas.
– Det viktigaste problemet for næringa i dag er uvissa om vilkåra for utvikling av næringa, og slik har det vore i mange år. Vi har ingen politiske signal som går i retning av at vi får lov å utvikle næringa vidare, seier Braanaas til Bergens Tidende.
Det går ut over både investeringsvilje og evna til å finne på nye og lure løysingar, meiner han.
– Når du skal gjere ei investering kan du ikkje gjere den på grunnlag av status i dag, du må gjere den fordi du trur på vekst i framtida. Og investeringsvilje og innovasjonsevne heng saman. Det er ikkje særleg interessant å bruke store midlar på innovative grep, dersom du ikkje får høve til å utvikle deg. Sjansen til vekst er eit viktig stimuli for innovasjon, seier Braanaas.
Praktisk talt heile veksten som har vore i oppdrettsnæringa under den raudgrøne regjeringa skuldast omlegging av oppdrettspolitikken som tidlegare fiskeriminister Svein Ludvigsen (H) gjorde før Jens Stoltenberg (Ap) tok over som statsminister i 2005, meiner Braanaas.
– Svein Ludvigsen hadde ei mykje meir offensiv haldning til oppdrettsnæringa enn ein har sett dei siste åtte åra, seier Braanaas.
No er taket nådd. Braanaas meiner det er på tide å utfordre det såkalla føre var- prinsippet, om at ein ikkje skal la oppdrettsnæringa vekse før ein har full kontroll over dei moglege skadeverkande.
– Føre var er eit prinsipp som byggjer på mangel på kunnskap. Vi må utvikle, samstundes som vi finn løysingar. Heile oljenæringa er bygd på at ein har tatt risiko og sjansar, og til dels ekstremt store sjansar, i høve til miljøaspektet, seier han.
Politisk rådgivar Tord Dale (Ap) i Fiskeri- og kystdepartementet er usamd med Braanaas kritikk.
– I Chile fekk næringa vekse på eigne premiss. Braanaas veit at det totalkollapsa der, med konkursar og ei næring som lenge har lege med broten rygg, langt på veg skuldast mangel på reguleringar. Næringa har klart å auke produksjon og forteneste innanfor de rammene styresmaktene har sett, og miljøkrav har medverka til utvikling av norsk oppdrettsteknologi og forvaltningskompetanse som no er etterspurt i andre land, seier han.
Men Dale gir Braanaas delvis støtte i at havbruksnæringa ikkje har ansvaret for tilbakegangen for vill laks.
– Men sjølv om det framleis er nokon som tvilar på at lakselus og rømt oppdrettsfisk er negativt for villaksen, vel denne regjeringa å gjere noko med det. Konsekvensen av ikkje å gjere noko er truleg større. Og oppdrettaren burde vere tent med at flest mogleg av den smolten han kjøper hamner på slaktelina og ikkje dør undervegs, eller rømer, seier Dale.
Braanaas skuldar media for å formidle feil om oppdrettsnæringa, og regjeringa for å føre ein politikk som byggjer på desse feila.
– Media spelar på følelsar. Det er farleg når følelsar, ikkje kunnskap, får danne grunnlaget for avgjerder. Den massivt, negative fokuseringa på havbruksnæringa verkar inn på avgjerdsprosessane, både politisk og i forvaltningsorgana. Kunnskapsløyse og problemfokus er kanskje den aller største utfordringa for vidare vekst i havbruksnæringa, seier han.