Lakseoppdrettar Gerhard Meidell Alsaker frå Tysnes er Vestlandets beste vekstskapar.
Det er EY (tidlegare Ernst & Young) som står bak kåringa som har namnet «Entrepreneur of the Year», og som går av stabelen i 60 land. Alsaker går no vidare til landsfinalen i Oslo i desember, saman med Ronny Meyer frå Techconsult i Bergen, skriv avisa Sunnhordland.
– Årets region vest-vinnar Gerhard Meidell Alsaker starta sjølv opp Alsaker Fjordbruk i 1986, saman med far sin, Leiv Alsaker. Han starta med eit banklån på 150.000 kroner, og hadde i 2012 driftsinntekter på 880 millionar kroner og eit resultat på 46 mill. kroner, heiter det i juryen si grunngjeving.
Alsaker Fjordbruk er blant dei største i landet på produksjon av laks, og juryen er imponert over både vekst og imponerande resultat.
Totalt 12 bedriftsleiarar frå heile landet er med i den nasjonale finalen i Oslo 2. desember.
I 2011 vart livbåtgründer Styrk Bekkenes frå Husnes kåra til Vestlandets beste vekstskapar, men han nådde ikkje heilt til topps i den nasjonale konkurransen.