Advarer mot høg laksepris

388

–  Kundane våre slit og har problem. Dagens prisar er ikkje bra i det lange perspektivet. Det er ikkje bra for marknaden at prisane går frå 40 til 50 kroner på kort tid, seier Per Vidar Ottesen i lakseeksportøren Norwell i Florø.

Sidan oktober har lakseprisen stige frå 30 kroner kiloen til 50 kroner kiloen no rett før jul. Ottesen er uroa, og fryktar prisane kan øydelegge marknaden.

– Våre kundar tapar pengar, dei treng meir stabilitet for dei planlegg i eit perspektiv på tre til seks månadar. No må dei betale for å selje fisken sin, og det er ikkje bra, seier Ottesen til NRK.

Han får støtte av Elin Tveit Sveen i Marøy Havbruk. Ho både sel og kjøper laks, og dermed er prisane både ei glede og ei utfordring for selskapet.

– Å vere lakseoppdrettar og selje laks no er veldig kjekt, men å vere foredlar som vi er med Svanøy Røykeri, det er tøft, seier Sveen.

Ho trur dei fleste i næringa ser at dagens situasjon ikkje er bra på sikt.

– Foredlarar slit med å tene pengar, og det ville vere gunstig om prisen var lågare.

Sveen seier noko av årsaka til dei høge prisane er at det er for lite laks i marknaden, og meiner styresmaktene bør opne opp for større lakseproduksjon.

– Det bør vi kome raskt i gang med. Det er stor etterspurnad etter laks, så vi burde få lov til å produsere meir.

Ottesen er glad for at produsentane ha meir fisk inn på marknaden.

– Det er bra at produsentane vil ha meir fisk, for det treng vi. Noreg har eit ansvar for å fø verda med fisk, og då kan prisen også jamne seg meir ut. Med ein pris på mellom 35 og 40 kroner får vi eit nivå som marknadane i verda vil vere nøgde med, og som skapar stabilitet, det vil vere det beste for alle, seier Ottesen til NRK.