Firda Sjøfarmer har måtte slakte ned 180.000 laks etter utbrot av virussjukdommen infeksiøs lakseanemi (ILA).
Infeksiøs lakseanemi (ILA) blir forårsaka av eit virus som truleg er av same familie som influensavirus, og spreier seg raskt. Når sjukdomen blir oppdaga er det krav om at all fisk i oppdrettsanlegget må slaktast innan 80 dagar.
Det var Firda Sjøfarmer AS og fiskehelsetenesta som varsla om mistanke om ILA på fisken sin i eit anlegg i Vatnøy i Gulen tidlegare denne veka, skriv Firda. Etter funn av unormalt mange døde fisk og symptom på sjukdom tok Mattilsynet prøvar og konstaterte ILA-smitte.
Oppdrettaren slakta ned all fisken på ein dag, vel 180.000 laks med ei snittvekt på ca 250 gram, skriv Mattilsynet på sine nettsider.
ILA-sjukdomen blir regna som ein alvorleg smittsam sjukdom i Norge, og Mattilsynet har utarbeidd ein plan for handtering av slike saker som blir iverksett med det same mistanke om smitte oppstår.
Sjukdom angripar fiskar og gir indre blødingar. Den vil kunne ramme dei fleste organ og gjer at fisken blir blodfattig. Til slutt blir fisken sjuk og døy, og den blir difor forsøkt avliva før sjukdommen bryt ut.
Ifølgje Mattilsynet er det no åtte år sidan det vart påvist ILA sør for Stad. Dei har no sett i verk tiltak for å hindre smittespreiing til andre anlegg i nærleiken.