Vil gjere kveiteoppdrett enklare

465

I løpet av dei neste åra skal forskarar frå Havforskingsinstituttet prøve å finne løysingar på nokre av flaskehalsane innan kveiteoppdrett. I eit nytt EU-prosjekt med nesten 40 partnarar, har instituttet fått ca. fem millionar kroner til å forske på problemstillingar rundt kveiteoppdrett.

Prosjektet har som mål å få i gang oppdrett på fleire artar enn dei som vert brukt i dag ved å finne løysingar på kjente problemstillingar hos utvalde artar. Totalt skal forskarane studere seks artar, av desse er det berre kveite som har tilhald i Noreg, melder Havforskningsinstituttet.

– Når det gjeld kveita vil vi sjå spesielt på problemstillingar rundt ernæring og bakteriologi i plommesekk- og startfôringsfasen, fortel Birgitta Norberg, som er leiar for det nye prosjektet på Havforskingsinstituttet.

Både styrking av immunforsvaret ved hjelp av bakteriar, såkalla probiotika, betre levandefôr og ein betre metode for tilvenning til tørrfôr skal studerast nærare. Målet er å utvikle gode protokollar som kan brukast i oppdrett av kveite. Vidare vil det bli arbeida med å utvikle ein vaksinekandidat mot VNN (nodavirus) og etablere prosedyre for vaksinering av kveite i larvefasen, som er mest utsett for sjukdomsutbrot, for å sjå om det kan bidra til betre beskyttelse.

I tillegg kjem forskarane til å gjere undersøkingar når det gjeld stamfisk.

– Når oppdrettarane brukar stamfisk som er fanga i naturen, har kveitene stabil eggproduksjon med jamn kvalitet. For at næringa skal vekse må dei kunne produsere eigen stamfisk, men til no har eigenprodusert stamfisk hatt både lågare kvalitet på egga og lågare produksjon. Begge desse problemstillingane må løysast før det kan etablerast eit avlsprogram for kveite, fortel Norberg.

Det nye prosjektet skal gå over fem år, og har totalt fått ca. ni millionar euro (ca. 70 mill NOK). Ein sjettedel går til markedsforsking. Totalt er det tildelt i overkant av sju millionar kroner til forsking på kveite, av desse får Havforskingsinstituttet fem. Havforskingsinstituttet er artsansvarleg for kveite, men det skal òg delta forskarar frå NIFES. Skretting og Sterling halibut er bedriftspartnarar i prosjektet.