SalMar-reduksjon i Brandal

435

Etter fleire kritiske merknader frå publikum har Salmar Organic sendt Hareid kommune ein ny dispensasjonssøknad frå kommuneplanen sin arealdel for eit økologisk akvakulturanlegg for laks, aure og regnbogeaure på Atlantic Cod Farms sin tidlegare konsesjon i Brandal.

I den nye søknaden er utstrekninga på anlegget i sjøen endra frå to einingar på 425×170 meter kvar til berre ei eining på 500×200 meter. Frå opprinneleg 2 x 10 oppdrettsbur er det no søkt om ei halvering til 10 bur, skriv Vikebladet.

Arealbruken er dermed betydeleg redusert. Talet på ankerliner er også redusert – og desse skal også vere festa lenger frå land enn det som gjekk fram i den første søknaden.

SalMar skriv at ankerlinene vil vere nedsenka i den grad at dei ikkje kjem i konflikt med fiskeaktivitetar og sjøverts ferdsel  i området. Festepunkta for ankerlinene som går mot land vil vere boltar i fjell på 25 meters djup. Frå boltane skal det gå ein tung kjetting på 27,5 meters lengde, slik at det som Salmar kallar ”innfestingspunkt” for ankerlinene blir liggande på ca 50 meters djup.

Avstanden frå anlegget til land vil på det næraste vere ca 200 meter.