– I stand til å starte arbeidet

439

– Eg er nøgd med at det er føreslått å auke innsatsen innanfor akvakultur med fire millionar kroner, seier administrerande direktør Tore Nepstad ved Havforskningsinstituttet om forslaget til Statsbudsjett 2014.

Havforskingsinstituttet har kalkulert med at det trengs nær 40 millionar for å løfte overvakinga av akvakulturnæringa til eit robust nivå. – Dei 4 millionane som no vert føreslegne set oss i stand til å starte arbeidet, seier Nepstad i ei kommentar til Havforskningsinstituttet si heimeside.

Budsjettforslaget er elles ei vidareføring av 2013-budsjettet. Det inneber at  det ikkje er gitt midlar til å styrke innsatsen på havet. – Vi treng større innsats for å auke forståinga av det som skjer i våre store økosystem, til dømes i Norskehavet. Budsjettforslaget gir ikkje opning for det, understrekar Nepstad.

– For Havforskingsinstituttet er det svært gledeleg at Regjeringa tar sikte på å opprette eit Fisk for utvikling-program, seier Tore Nepstad. -Dette er eit løft for utviklingssamarbeid knytt til fisk og marine ressursar, og inkluderer bygginga av eit nytt, moderne forskingsfartøy som skal vere klart i 2016. Programmet byggjer på at utviklingsland har uttrykt behov for norsk ekspertise på eit område kor Noreg er leiande i verda, konkluderer Nepstad.