Green Peace, Natur og ungdom, Naturvernforbundet, Norske lakseelver og Sabina vil saman stoppe dumping av gruveavfall i fjordane.
I eit brev til regjeringa skriv organisasjonane følgande:
«Vår reine og produktive kyst har stor naturrikedom, og har gjeve Noreg eit fantastisk grunnlag for
fiskeri, friluftsliv og turisme. Med god forvalting av fjordane og dei marine ressursane våre, vil dette
kunne skje for all framtid. Vi forventar at regjeringa ikkje vil gje løyve til nye eller utvida utslepp til
fjordane frå gruveindustrien og avslutte eksisterande utslepp. Slike utslepp er alvorlege trugsmål mot fjordmiljøet, gyteområde, trygg sjømat og til skade for friluftslivet og turistnæringa.
Det har også stor marknadsføringsverdi, både for turistnæringa og fiskeria at dei unike og vakre
fjordane våre med vandrande laks er reine og intakte, utan utslepp av industriavfall.
Det kan gje eit omdømmetap med store konsekvensar for mange næringar når utsleppet av gruveavfall i norske fjordar blir internasjonalt kjend.
Høg pris på mineral og metall har ført til stor interesse for ny gruveverksemd. Det er i den samanhengen søkt om nye og auka utslepp til fleire fjordar av mange millionar tonn gruveavfall i året. I tillegg til avfall, dreier det seg også om kjemikaliar og til dels tungmetall. Fleire av utsleppa er planlagde i gyteområde for kysttorsk, nær fiskeområde og i nasjonale laksefjordar. Erfaringa frå utsleppet i Bøkfjorden ved Kirkenes har vist store negative verknader langt ut over utsleppsområdet, og utsleppet i Ranfjorden har ført til at det økologiske systemet i fjorden er sterkt truga. Vi vil også vise til at eit stadig sterkare internasjonalt arbeid for å ta vare på det marine miljøet har ført til at dei fleste landa i verda har slutta å sleppe gruveavfall i sjøen. I tillegg til Noreg er det i dag berre Tyrkia, Indonesia og Papua New Guinea som held fram med denne praksisen. Det spesielle med dei norske utsleppa er også at dei skjer i relativt grunne område med høg biologisk aktivitet, mens dei attverande utsleppa elles i verda er på 1000 til 4000 meters djup.
Mineralstrategien legg opp til at Norsk mineralindustri skal vera blant verdas mest miljøvennlege, og vi ber den nye regjeringa følgje opp dette ved å
Sikre økosystema i fjordane ved å forby deponering av gruveavfall i sjø
Sikre fjordmiljøet i dei nasjonale laksefjordane Repparfjorden og Førdefjorden ved å seia nei
til søknadane om å etablere sjødeponi der
Vi ber også regjeringa om å arbeide for at den viktige Londonkonvensjonen/protokollen mot forureining av havet, som i dag mellom anna regulerer norsk olje- og gassutvinning på sokkelen, også skal gjelde for utslepp frå land. Dette vil i praksis seia eit internasjonalt forbod mot utslepp av gruveavfall til sjø.»