I det klokka tikkar mot fristen for ferdigstilling av anleggssertifikata, kunne leiarar og tilsette ved Steinvik Fiskefarm fredag ettermiddag ta seilerskoa på og setje kursen mot Askrova med Veikingkonvoien. – Vi har jobba med dette i tre år, og eg er stolt av dei tilsette som no har sikra at vi har alt på plass, seier dagleg leiar Alex Vassbotten.
Han legge ikkje skjul på at det har vore mykje arbeid og energi lagt ned i å få alt på plass. Alle komponentar skal no vere dokumenterte og godkjende som ein del av anlegget. I tillegg skal alle lokalitetsrapportar gjennomgåast og godkjennast. Sjansen for underdimensjonering av utstyr og komponentar vert dermed eliminert, og med det får ein tryggare og meir rømmingssikre anlegg. Truleg er denne standardiseringa (NS 9415) den største kvalitetshevinga av utstyr og risikovurderingar som noka norsk næring har gjennomført samla nokon gong, skriv Salmon Group i ei pressemelding.
Inger Kvien har hatt ansvaret for dette arbeidet hos Steinvik Fiskerfarm, og ho seier at dei har jobba systematisk for å kome i mål. – Vi har hatt dette i tankane i alt arbeidet vi har hatt med utlegging av utstyr og lokalitetsgodkjenning dei siste åra. Vi var spente på om alle sertifikata ville kome oss i hende innan fristen, men no fekk vi det siste i dag, seier ho.
Steinvik Fiskefarm har åtte lokalitetar, sju av dei har no fått utskrive sertifikat. Dei har fått dispensasjon på den siste til å fullføre sertifiseringa, men denne er det ikkje fisk på no. Det er selskapet Aquastructures som har førestått sertifiseringa for Steinvik Fiskefarm AS.