– Nei til Fredriksen

585

John Fredriksen jaktar på oppdrettsgiganten Cermaq. Senterpartiet og SV ber næringsminister Trond Giske seia nei, skriv Klassekampen.

– Vi er knalltydelege på at me ikkje ønskjer nedsal av staten sin eigardel i Cermaq, seier Sps næringspolitiske talsperson Irene Lange Nordahl til Klassekampen.

Nordahl fryktar at staten vil bidra til større eigarkonsentrasjon i havbruksnæringa dersom staten sel sin del i Cermaq.

– Staten kan ikkje bidra til at me får ei utvikling der me sit att med 4-8 store aktørar, seier ho.

Også næringspolitisk talsmann i SV Alf Holmelid vil lata døra att for Fredriksen.

– Me er absolutt ikkje glade for ein sterkare eigarkonsentrasjon i ein bransje som baserer seg på naturressursar, seier Holmelid.

Senterpartiet meiner at næringa er best tent med og at den beste måten å sikra ei berekraftig næring er å halda på ein variert struktur.

– Me er opptatte av vekst innanfor berekraftig rammer, og meiner det best vert sikra gjennom å halda på ein variert struktur med mange små og mellomstore aktørar, seier ho.

– Det er framfor alt den strukturen som sikrar ei berekraftig utvikling, seier Nordahl.

Næringsminister Trond Giske ønskte i går ikkje å kommentera SV og Sp sine klare råd.

Statens mål med Cermaq er i dag forretningsmessig. Mens staten i selskap som Statoil, Telenor og Hydro har eit mål med sitt eigarskap å sikra hovedkontorfunksjonar i Noreg, er ikkje det eit mål i seg sjølv med Cermaq. I eigarskapsmeldinga er Cermaq klassifisert i lag med med selskap som Flytoget, SAS og Mesta.