Sunnhordlandsrådet sterkt uroa over nytt nedtrekk i PO3

Sunnhordlandsrådet IPR, som representerer kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes, reagerer negativt på at PO3 får redusert produksjonskapasitet.

Regjeringa har bestemt at produksjonsområdet frå Karmøy til Sotra (PO3) får raudt lys i trafikklyssystemet for havbruk. Avgjerda inneber ytterlegare reduksjon i produksjonskapasiteten i eit område som allereie har opplevd betydelege nedtrekk dei siste åra, skriv Sunnhordlandsrådet i ei pressemelding.

«For Sunnhordland er havbruksnæringa ein av dei viktigaste næringane vi har. Verdiskapinga frå havbruk gir arbeidsplassar, skatteinntekter og aktivitet i lokalsamfunn langs heile kysten. Konsekvensane av nye nedtrekk stansar ikkje ved oppdrettsanlegga, men gjeld også foredling, transport, leverandørbedrifter og andre verksemder som er avhengige av næringa,» skriv rådet.

«Sunnhordlandsrådet ser kor viktig det er for næringa og kysten vår at havbruket er berekraftig og det vert gjort nødvendige tiltak for å verne villaks og sjøaure. Samstundes meiner vi at verkemidla må vere forholdsmessige og byggje på eit best mogleg kunnskapsgrunnlag,» skriv rådet. Illustrasjonsfoto: Eivind Senneset / Havforskningsinstituttet

«Det er brei semje om at dagens trafikklyssystem ikkje fungerer, og vi meiner at evalueringa av systemet bør nyttast til å forbetre avgjerdsgrunnlaget før nye omfattande nedtrekk blir gjennomførte,» skriv rådet.

«Vi registrerer også at vekstkapasitet samtidig blir tildelt andre delar av landet, medan Vestlandet opplever ytterlegare reduksjonar. Dette reiser spørsmål om korleis konsekvensane for kystsamfunn, arbeidsplassar og regional verdiskaping blir vektlagde i dei samla vurderingane.»

Sunnhordlandsrådet oppmoder regjeringa om å sikre større openheit om kunnskapsgrunnlaget for avgjerdene, og om å ha ein tett dialog med kommunane og næringa om tiltak som både gir miljøforbetringar og tek vare på berekraftige lokalsamfunn langs kysten.

«Vi er opptekne av å nå miljømåla, men vi må også sikre at tiltaka er treffsikre og at konsekvensane for lokalsamfunn og arbeidsplassar blir vurderte på ein heilskapleg måte. Havbruksnæringa er avgjerande for framtidig verdiskaping og busetjing i Sunnhordland,» fastslår Sunnhordlandsrådet.

Pressemeldinga er signert ordførarane i dei nemnte kommunane.

Les også: – Foredlinga her vest får endå eit skot for baugen, trass alle festtalane