Bremnes Seashore er svært skuffa over eit tredje nedtrekk.
– Konsekvensen er lågare tillaten produksjonskapasitet for laks, mindre råstoff inn til slakt og foredling, og mindre handlingsrom for investeringar og utvikling her vest, seier Simon Nesse Økland, direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Bremnes.
Det Bømlo-baserte oppdrettsselskapet driv langs heile PO3 (Karmøy til Sotra), som regjeringa har sett til raudt lys i trafikklyssystemet. Det gir nedtrekk i produksjonen på seks prosent, for tredje gong i området.
– Timinga er vanskeleg å forstå
For Bremnes Seashore får avgjerda konkrete konsekvensar i planlegginga, fortel Økland.
– Me må planleggja for lågare kapasitet i PO3. Det påverkar produksjonsplanar, slakteplanlegging, råstofftilgang og investeringar. Me jobbar kvar dag med betre drift, ny teknologi og tiltak som skal redusera miljøavtrykket. Nye nedtrekk gjer ikkje den jobben lettare. Dei svekker kapitalen og føreseielegheita som trengst for å få til omstillinga politikarane ber om, seier han.
Han reagerer også på tidspunktet for avgjerda.
– Timinga er vanskeleg å forstå. Saka kjem rett før ferien, med høyringsfrist midt på sommaren. Det er ein spesiell måte å handtera ei så viktig sak for kysten på.
Les også: – Regjeringen sprer usikkerhet i havbrukskommuner og tar selv ferie

Politisk paradoks
Bremnes Seashore meiner avgjerda viser mangel på heilskap i politikken for kysten.
– Vestlandet blir nok ein gong råka av departementale avgjerder, samstundes som dei same politiske miljøa snakkar varmt om matberedskap, meir norsk matproduksjon, foredling og arbeidsplassar langs kysten. Det heng ikkje saman, seier Økland.
Han peikar på at Stortinget fleire gonger har bedt om meir vekt på foredling og eit breiare kunnskapsgrunnlag.
– I samband med forliket om lakseskatten bad Stortinget regjeringa leggja fram tiltak for auka foredling av sjømat i Noreg. I havbruksforliket har Stortinget også bedt regjeringa leggja til rette for meir lokal foredling av oppdrettsfisk. Då heng det dårleg saman å ta ned produksjonsgrunnlaget i PO3, eit område der mykje av foredlinga og industrien faktisk ligg. Foredlinga her vest får endå eit skot for baugen, trass alle festtalane.
Les også: Lerøy Sjøtroll: – En kan ikke behandle en så viktig næring på denne måten
Saknar heilskapen
Årets trafikklys for oppdrettsnæringa kan bli dei siste, då regjeringa vil gå bort frå det noverande reguleringssystemet. Bremnes Seashore meiner det er feil å halda fram med nye nedtrekk etter dagens modell, medan reguleringssystemet er til politisk og fagleg gjennomgang.
– Stortinget har bede regjeringa styrka datagrunnlaget, utvikla eit meir heilskapleg kunnskapsgrunnlag om havbruket si miljøpåverknad og sjå nærare på både faktisk og relativ påverknad på villaksen. Me treng betre kunnskap om kor stor rolle lakselus frå oppdrett spelar, og kva andre faktorar som verkar inn på villaksen, seier Økland.

– Det arbeidet bør få reell vekt før ein tek nye avgjerder som rammar arbeidsplassar, foredling, investeringar og lokalsamfunn. Villaks, fiskevelferd, arbeidsplassar, foredling, matproduksjon og kystsamfunn må sjåast i samanheng. Den heilskapen saknar me i denne avgjerda, seier Økland.
Les også: Fiskeriministeren: – Havbruket, slik vi kjenner det i dag, har nådd toppen av sitt potensial

