Frykt for svensk fiskesmitte

899

Berggylta er meir ettertrakta enn nokon gong i laksenæringa. Men havforskarar fryktar sjukdomssmitte ved at lusesnapparane blir henta så langt unna som Sverige.

 – Alle er einige om at bruk av leppefisk er ein glimrande måte å fjerna lakselus på. Men næringa tek ein betydeleg risiko ved å flytta fisken over lange avstandar, seier forskar Stein Mortensen ved Havforskningsinstituttet til Bergens Tidende.

Han etterlyser meir kunnskap om følgjene av å transportera levande leppefisk så langt som frå Sørlandet og vestkysten av Sverige til Trøndelag og Nordland.

«Ikke oversikt»

«Vi har ennå ikke oversikt over utbredelsen av sykdommer, så den omfattende transporten av leppefisk skjer uten at vi kjenner fiskens helsestatus. Eventuelle sykdomsfremkallende organismer kan spres både fra rømlinger, utsatt fisk og død fisk. Det er derfor stor sannsynlighet for at smittebærende fisk og sykdomsfremkallende organismer fra fisken introduseres i nye miljø», skriv havforskarane Stein Mortensen, Kevin Glover, Egil Karlsbakk og Anne Berit Skiftesvik i Havforskningsrapporten 2014.

– Leppefisken er tilpassa staden der han lever, og studiar viser at det er skilnad i genetikken frå bestand til bestand. Gjennom mange års erfaring med smittespreiing veit vi at flytting over store avstandar representerer ein smittefare for fisken, seier Stein Mortensen.

20 kr stykket

Leppefisk har i oppdrettsnæringa vore nytta til å beita lakselus sidan 1970-åra. 20 år seinare kom effektive lusemedikament på marknaden, og bruken av reinsefisk gjekk tilbake. Men med dei siste års framvekst av legemiddelresistens hos lakselus, har etterspurnaden teke seg kraftig opp att.

Laksenæringa nyttar årleg vel 15 millionar reinsefisk. Importen frå Sverige utgjer i underkant av ein million fisk. Den mest hardføre og effektive av leppefiskane, berggylta, blir betalt med opptil 20 kroner stykket.

– Vi er også opptekne av sjukdom og genetikk, og ønskjer at det blir nytta mest mulig lokalfanga leppefisk. Men flytting av fisk skjedde også på 1990-talet, seier seksjonsleiar Anne Kjos Veim i Fiskeridirektoratet, som regulerer fisket etter leppefisk.

– Alle oppdrettarar er redde for smitte og tek omsyn til det, seier prosjektleiar Unni Austefjord i Norsk Sjømatsenter, som arrangerer kurs i fjerning av lus med rensefisk.

Trass høgt fiskepress, ser det ifølgje Fiskeridirektoratet ikkje ut til at den samla bestanden av norsk leppefisk går ned.