London kallar

453

Kronikk: Ein treng ikkje å ha kunnskap om oppdrettsnæringa eller dei involverte partane for å forstå kva den dominerande lakseprodusenten i verda no er i gang med. Det einaste ein treng å forstå, er at dette er eit børsnotert selskap på nådelaus jakt etter marknadsmakt, skriv Øyvind Kråkås i Salmon Group.

Rullerande gjennomsnitts MTB er viktigast for aktørar med få lokalitetar. Aller viktigast vil ordninga bli for dei som ikkje klarar å ha alle utsetta, som fylgje av storleik eller soneforskrifter. Desse har fått innskrenka verdien av kvar MTB som dei disponerer. Med andre ord har dei fått pålagt ei konkurranseulempe. På den andre sida har nokre fått ein konkurransefordel. Dei har mange lokalitetar å skifte om produksjonen mellom. Det er ikkje rart at dei som har ein fordel vegrar seg mot at dei som har ei ulempe skal få denne kompensert.

Som leiar for eit børsnotert selskap har ein eitt oppdrag; å skape verdiar for eigarane. Det spelar ingen rolle om ein drive bank, utviklar ny teknologi eller produserer mat. Eigarane vil sjå stigande aksjekursar og hente ut utbyte. Det er litt som å vere ein fotballtrenar på øvste nivå, du skal berre vinne dei fleste kampane og hente heim pokalane, så kan du sole deg i glansen. Men blir det for mange nederlag, avsporingar og svingingar, må du rekne med å vike til sides. I denne sporten må ein beherske alle aspekt ved det å ta sigeren heim, ikkje minst det psykologiske aspektet, kommunikasjonskrigen.

Ingen ynskjer ein vekst for næringa som ein ikkje får ta del i sjølv. Då er det betre å motsetje seg vekst, halde prisane høge og stø opp om ein vekst i andre land. Som storaktør vil ein vere i stand til å ta ut veksten der han måtte kome, og hente marginane i det leddet det høver ein best. Når forslaget om rullerande gjennomsnitts MTB har falle, og åtgaumen har lagt seg, kan ein kome med eit nytt og «berekraftig» forslag til vekst, som passar ein sjølv mykje betre.

Mange forvekslar evna til å skape verdiar for seg sjølv med viljen til å skape verdiar for samfunnet. Dette kan vere samanfallande interesser, men dei kan og vere sterkt divergerande. Størst blir forskjellen når nokon er i ferd med å erobre markant marknadsmakt, og konkurranse og likebehandling av aktørar står på spel. Oppdrettsnæringa står i fare for å bli eit fåtalsvelde, eit oligopol. Dette er ikkje landet tent med, det er ikkje ein god måte å disponere kysten og ei verdifull næring på.

Ein ekspert på datakriminalitet påpeika i ei avis at om bestemor sender deg e-post på engelsk, bør du ane uråd. Det er nok og slik at om interesser med kapitalbase i tankfart og oljeboring står fram med ueigennyttige tiltak for miljøet, så bør ein ta to rundar rundt saka før ein konkluderer.