Reagerer på MTB-utspill

458

Salmon Group reagerer på fleire store aktørar sin argumentasjon mot rullerande gjennomsnitts MTB. – Det er greitt å kjempe for sine eigne interesser, men ein må gjere det med blanke våpen, seier dagleg leiar Nils Inge Hitland.

Nyleg vart FHL sitt generalforsamlingsvedtak om å arbeide for rullerande gjennomsnitts MTB sett til sides av styret i organisasjonen, fordi enkelte av storselskapa meinte ting hadde endra seg, og at det no var for lite bærekraftig med denne regelendringa. Først gjekk argumentasjonen på økonomisk bærekraft, skadeverknader på marknaden gjennom ei stipulert produksjonsauke som langt overgjekk det regjeringa sine eigne utrekningar syner. Seinare vart fokus flytta til miljømessig bærekraft. Begge argumenta gjekk på at heile næringa ville samle seg om ein produksjonstopp i beste vekstsesongen.

– Desse aktørane kontrollerer ein so stor del av produksjonen at dei åleine ville vere i stand til å demme opp for sine eigne pessimistiske spådomar. Enno meir påfallande blir det at dei samstundes ynskjer å auke produksjonen gjennom ein modell som favoriserer dei sjølve sterkt, ei prosentvis auke på eksisterande MTB. Kvifor vil ikkje den auken ramme bærekrafta? spør Hitland.

Salmon Group har tidlegare peika på rullerande gjennomsnitts MTB som ei konstruktiv tilpassing av dagens regime, og ei handsrekning til dei lokale selskapa som måtte avstå heile utsett gjennom soneinndelinga i Hordaland og Rogaland. For den enkelte av desse vil veksten vere stor, men han vil gjere ubetydeleg utslag på totalproduksjonen.

– Å framstille det som at det er desse minste aktørane som veltar den marknadsmessige eller miljømessige bærekrafta til næringa, bli rett og slett for frekt. Og at desse argumenta har tilsidesett eit lovleg fatta vedtak i næringa sin felles organisasjon, er eit nederlag for heile næringa, seie Hitland, som peikar på at hardkøyret frå dei største selskapa på å få endra rammevilkår i sin favør, har blitt stadig sterkare dei siste åra. Han ber politikarane setje foten ned for å sikre eit lokalt og variert eigarskap i norsk oppdrettsnæring.