Over 30 laks i garnet

470

– Eg skjønna straks at fisken måtte stamma frå eit oppdrettsanlegg, seier Edvin Svendsen, som hadde garna sine ved Trovåg.


Tysdag halte fiskaren i land over 30 laksar på torskegarna sine. Svendsen melde straks frå til politiet og etter kvart også til Fiskeridirektoratet om fangsten sin. Onsdag ettermiddag kom det pressemelding frå Rogaland Fjordbruk AS om at dei hadde funne ei flengje i ein av merdane sine ved Ilholmane ytst i Ålfjorden, skriv Haugesunds Avis.

Merden inneheldt 103.000 laks med ein gjennomsnittsvekt på 2,2 kilo. Det er enno uvisst kor mykje av fisken som har rømt. Men Svendsen er ikkje den einaste som har gjort gode laksefangstar dei siste dagane.

– Det låg fleire båtar rundt meg og drog garn tysdag, og fleire av dei fekk laks, fortel han til Haugesunds Avis.

I går var svært mange ute med garn i indre Ålfjorden – inkludert flere profesjonelle fiskarar som Rogaland Fjordbruk har fått løyve til å engasjera for å driva gjenfangst.