Mulig rømming i Vindafjord

410

I samband med rutinekontroll etter gjennomført avlusing på lokaliteten Ihlholmen tilhøyrande Rogaland Fjordbruk, vart det tysdag 25. februar konstatert ei flengje i nota på merd nr 1. Lokaliteten ligg i Sunnhordlandsbassenget.

Eit slikt avvik kunne vera ein indikasjon på at det var fisk som hadde stukke av, og naudsynte prosedyrar kring mistanke om rømming vart straks sett i verk. Flengja i nota vart reparert umiddelbart, og gjenfangst i området er sett i verk. Lokale fiskarar er engasjert i gjenfangstarbeidet etter løyve frå fylkesmennene i Rogaland og Hordaland, samt Fiskeridirektoratet, skriv Rogaland Fjordbruk i ei pressemelding.

Avviket vart omgåande meldt til Fiskeridirektoratet. Utanom dette er Fylkesmennene sine Fiskeforvaltarar i både Rogaland og Hordaland varsla. Det same er m.a. Etne elveeigarlag og andre oppdrettarar i nærleiken.

Det er so langt ikkje mogeleg å gje noko tal på rømt fisk. Dette må me avklara i tida framover. Det var 103.000 fisk med ei snittvekt på 2,2 kilo i merden.

Rogaland Fjordbruk beklagar hendinga på det sterkaste. Alt utstyr på lokaliteten er sertifisert og i forskriftsmessig stand. Representantar frå Fiskeridirektoratet, Region Sør vil snarast mogeleg gjennomføra oppfølgingskontroll på lokaliteten.

Det er p.t. ikkje funne årsak til hendinga. Rogaland Fjordbruk vil gjera sitt beste for å finna årsaka og trekkja lærdom av det som har skjedd.