– Eg håpar dette kan bli eit viktig steg mot meir berekraftig oppdrett, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker om forsøket som no blir sett i gang av havbruksnæringa.
Fleire store aktørar i havbruksnæringa vil i samarbeid med Veterinærinstituttet teste ut eit sporingssystem for oppdrettslaks. Systemet skal gjere det mogleg å spore laks tilbake til bedrifta. Metoden kan brukast både til å spore rømt oppdrettslaks og til sporing ut frå forbrukar- og marknadsomsyn.
– Regjeringa har lagt til grunn at prinsippet om at forurensar betaler skal brukast også i havbruksnæringa. Då er det ein føresetnad at vi kan spore rømt oppdrettsfisk tilbake til den rette eigaren. Difor er eg interessert i dette prosjektet, seier Aspaker.
Metoden som no blir prøvd ut er finansiert av næringa og styresmaktene i fellesskap.
– Styresmaktene skal bidra med forskingsmidlar, men næringa sjølv må også ta eit ansvar for forsking og uviklingstiltak som kan løyse næringa sine miljøutfordringar, seier Aspaker.
Regjeringa har i den politiske plattform varsla at ho er positiv til vekst i havbruksnæringa.
– Vekst må skje innanfor berekraftige rammer. Næringa er nøydd til å løyse utfordringane med lus og rømming, seier Aspaker.