Smolten som konkurransefortrinn

359

Kronikk: Gode vassressursar har gjeve Noreg sjansen til å byggje ein vellukka og høgt kompetent smoltproduksjon. Utviklinga av dette i leddet kan verte avgjerande for vår framtid som oppdrettsnasjon, skriv Øyvind Kråkås i Salmon Group.

God setjefisk er føresetnaden for lakseproduksjon i sjø. Å lukkast med klekkinga og dei tidlege stadia av fisken sitt liv, er kritisk for gjennombrotet til ein kvar art som ein vil drive oppdrett av. Norsk matfiskoppdrett kan takke kunnige folk i ferskvassfasen for den eventyrlege framveksten næringa har opplevd. Norsk kvalitetssmolt er robust og veks godt når han kjem i sjø.

Nett som i matfiskfasen har der i setjefisknæringa skjedd ei utvikling gjennom åra. Anlegg med dårlege føresetnader har blitt borte, ny teknologi og kunnskap har styrkt både effektiviteten og kvaliteten i produksjonen. Reinsing av vatn, resirkulering og sjøvasstilpassing på land er element som har vore med og bygd kvalitet i setjefiskleddet.

Både produktivitetsmål og miljømål i matfiskproduksjonen, vil avhenge av smoltproduksjonen for å la seg realisere. Krava til fisken som skal setjast ut i sjø, vil venteleg bli meir og meir spesifikke. Dette vil styrke overlevinga, førebyggje sjukdom og heve tilveksten. Samstundes som kvalitetskrava til smolten vil ta meir merksemd, vil der og bli trong for å produsere meir smolt, dersom ein skal nå måla for ei auke i matfiskproduksjonen. Dette krev investeringar og utviklingsarbeid.

Satsing på smoltsida vil styrke norsk laksenæring både innanlands og utanlands. Mange av dei nasjonane som teke mål av seg til å bli store lakseprodusentar i tidene som kjem, vil møte ei knappheit på tilgangen til smolt. Her har Noreg naturgjevne føresetnader til å vinne konkurransen, og vi har massevis av opparbeidd kunnskap. Smoltspørsmålet kan bli avgjerande for kven som er verdas fremste laksenasjon i framtida.

Les og “TEKSET 2014: Hvordan unngå at settefisknæringen blir laksenæringens akilleshæl?”

Tekst: Øyvind Kråkås