Faggruppa for tildeling av grøne løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure har fatta vedtak om prekvalifisering i gruppe B.
Faggruppa for tildeling av grøne løyve viser til nyhetsmelding 17. januar der det gikk fram at prekvalifisering i gruppe B ville bli ferdigstilt innan utgangen av januar, melder Fiskeridirektoratet.
Faggruppa har no fatta vedtak om prekvalifisering i gruppe B, og melding om vedtak er sendt pr brev til alle søkjarar i gruppe B i dag.
Faggruppa vil publisere oversikt over resultatet av prekvalifiseringa når søkjarane har fått gjort seg kjent med innhaldet i vedtaka som er sendt ut.
Slik publisering vil skje mot slutten av neste veke.
Boda vil ikkje bli opna før eventuelle klagar på prekvalifisering i gruppe B er ferdig handsama i forvaltninga.