Sjarkfiskarar i Solund ynskjer at fisket etter hå må bli utvida. Dei meiner bestanden er for stor, og at håen beitar hardt på andre fiskeslag, deriblant laks, skriv Salmon Group.
Fisket etter hå er i dag strengt avgrensa; ein kan berre levere fisken som inntil 15 prosent bifangst til mottak. Dette høver dårleg med dei fangstane ein får. Håen er ein haifisk som jagar i stim, og ein får mykje av han i slengen. Ofte har håen ete av anna fisk som har gått på bruket.
Håen er glad i laks, tidlegare var det ofte problem med hå som vart tiltrekt av daudfisk i merdane. Meir effektive måtar å handtere denne på, har redusert problemet. Ein må gå ut frå at håen konsumerer ein god del vill laksefisk, skriv Salmon Group.
Tidlegare føregjekk der eit stort håfiske i Nordsjøen, men dette er det no heilt slutt på. Fiskarar meinar at bestanden no har vakse langt over sin ideelle storleik, og at beitetrykket på andre artar dermed vert svært stort.