– Laks har blitt viktig for mange

348

Sogneoppdrettar Erik Osland gler seg over høge lakseprisar.

– Det er sjølvsagt kjekt for oss at prisane er bra. For oss gir det betre inntening, som er noko av grunnen til at vi held på med det vi gjer, seier han til Ytre Sogn.

Hovudårsaka til dei gode prisane er stor etterspurnad, og akkurat no vil kundane ha meir laks enn det produsentane klarar å levere.
– Det betyr også at vi leverer eit bra produkt, som folk er villege til å betale litt for. Laks har blitt viktig for mange, og det er forventa at den alltid er tilgjengeleg, seier Osland.

Han legg til at også vêret har bidrege til dei høge prisane.
– I haust har vi hatt dårleg vêr og det har påverka logistikken, seier han, og viser til utfordringar som er med å få levert varene til kundane når vegar og bruer vert stengde og ferjer innstilte.

Osland er optimist med tanke på lakseprisane.
– Dei vil framleis vere gode, sjølv om dei nok ikkje vil halde seg like høge som no. Eg trur vi kjem til å sjå prisar på rundt 40 kroner utover våren og sommaren. Det er i alle høve ikkje noko som tilseier noko anna. Vi får i alle fall ikkje så låge prisar som vi hadde tidlegare i haust med det første, på under 30 kroner, seier Osland til Ytre Sogn.

Han legg til at høge lakseprisar ikkje berre er positivt.
– Foredlingsindustrien slit med å tene pengar, og det kan tære både på eigenkapital og betalingsevne, påpeikar han.

Sjølv kunne dei tenkje seg å produsere endå meir fisk. Per i dag har Osland Havbruk fire matfiskkonsesjonar og produserer rundt 5.000 tonn i året.
– Vi ønskjer å produsere meir fisk, heilt klart. Det er naudsynt skal vi kunne halde fram med å utvikle oss. Men då må også styresmaktene gje oss lov til å gjere det, seier Osland, som er spent på kva grep regjeringa kjem til å ta framover.
– Etterspurnaden som er no viser at det er marknad for det, påpeikar han.