Vil ha opp MTB

376

Sogn og Fjordane fylkeskommune rår staten til å innføre ei ordning som gir oppdrettsselskapa høve til å auke maksimal tillatt biomasse (MTB) med om lag fem prosent. Dette går fram av ei høyringsfråsegn til Fiskeri- og kystdepartementet.

– Ein auke i produksjonen på om lag fem prosent vil gi dei mindre oppdrettsaktørane høve til vekst. Vi har etter vårt syn eit stort vekstpotensial i Sogn og Fjordane, om vi får kontroll med mellom anna lakselus og virussjukdomar, heiter det i fråsegna. Den er gitt administrativt frå næringsavdelinga i fylket, og har ikkje vore behandla i politiske organ, skriv Firda.

Departementet har bede om innspel til vidareutvikling av det gjeldande systemet for såkalla maksimalt tillaten biomasse (MTB), ei avgrensingsordning som vart innført ut frå miljøomsyn og for å ha ein marknadstilpassa produksjon. No blir det føreslege ei ordning med såkalla rullerande MTB, som ifølgje forskingsinstitusjonen Sintef vil gi auka mengd ståande fisk i andre halvår, og auka belastning på sjøauren som held seg i fjordområde heile året. Fiskeri- og kystdepartementet meiner at eit nytt system for kontroll med lakselus vil fange opp den auken i lakseluspåslaga på villfisken som auken i oppdrettsmengda eventuelt måtte føre til.

Fylkesadministrasjonen i Sogn og Fjordane legg seg på den same tenkinga, og støttar innføring av systemet som opnar for produksjonsauke. Dette skjer likevel med eit atterhald:

– Veksten må vere berekraftig, og ein må sikre at sårbare sjøaurebestandar ikkje blir ytterlegare skadelidande. Her ber vi departementet syte føre eit betre kunnskapsgrunnlag om m.a. vandringsmønster og sårbarheit i høve til menneskeskapte påverknader som vassdragsreguleringar og akvakulturanlegg, skriv fylkesdirektør Jan Heggheim og seniorrådgivar Frode Hovland.