Motstanden mot oppdrettsanlegg aukar i Brandal.
Bakgrunnen er at selskapet SalMar Organics for andre gong har levert inn to søknader om å starte oppdrettsanlegg for laks i havet utanfor Brandal – frå Liset og utover mot Englandsvika, skriv Vikebladet.
Då den første søknaden kom brandølingane sanka ein gjeng brandølingar inn over 130 underskrifter. Og måndag fekk ordførar Anders Riise ein ny stor konvolutt i hende med 212 signaturar. Dei som har skrive under går mot SalMar sin andre søknad. Konvolutten vart levert av Finn Sindre Eliassen og Peter Josvald Brandal.
– Underskriftene er for det meste frå brandølingar, pluss nokre andre. Vi har enno ikkje møtt nokon som er positive til planane til SalMar, fortel Eliassen og Brandal.
Hovudargumentet deira er omsynet til ålmenta (publikum, brukarar).
– Vi meiner det skal vere fritt fiske utanfor Brandal. Det skal vere mogleg å drive småfiske utpå sjøen utan å møtte ta omsyn til eit oppdrettsanlegg, meiner Finn Sindre Eliassen og Peter Josvald Brandal.
Dei reknar med politikarane i Hareid kommune tek omsyn til argumenta deira når saka skal opp i dei politiske fora – kanskje i desember.
– Noko anna vil vere eit overgrep. Det vil jo heller ikkje bli nye arbeidsplassar ved å få eit oppdrettsanlegg utanfor Brandal. Dei få som eventuelt får seg jobb der kjem frå andre stader enn Hareid kommune, seier Eliassen og Brandal til Vikebladet.