Vogntog i grøfta

376

Eitt vogntog stod i grøfta og sperra fv 60 i området ved Raftevold søndag kveld.

På same tid stod eit anna vogntog fast i området ved Bakke, berre eit par kilometer lenger vest. Vogntoga som ikkje kom seg vidare på det glatte føret hindra trafikken i over to timar før Jans Bilberging kom på plass og løyste flokene, skriv Fjordingen.

Det var svært glatt og tett snøver søndag kveld. Vogntoget som stod i grøfta ved Raftevold i indre Hornindal hadde starta i Vindafjord på natta og var på veg til Stranda med levande laks. Sjåføren kunne efortelje at fisken fekk oksygen, slik at utforkøyringa ikkje utgjorde nokon fare for fisken. Men leveransen vart kraftg forseinka.